Åtte månader og ein dag seinare.
Det var slett ikkje planen at det skulle ta så lang tid, før eg skreiv eit nytt blogginnlegg. Eitt steg fram, eitt steg tilbake – men ikkje «tilbakesteg», det andre steget tek ikkje vekk det første steget, det er heilt enkelt to steg, med like mykje øving og læring i det andre steget som i det første.
Etter det første innlegget kom jubel og glede over at eg endeleg skreiv. Etter nokre dagar med jubel kom «hjelp, kva gjer eg nå?» «kva skal neste tekst handla om?» og andre urolege tankar. Kompliseringskunsten stod like stødig. Fleire dagar kom, med nøling som vart verre for kvar veke som gjekk utan ny tekst. Eg ramla inn i overanalysering og blablabla.
Det første steget ut av kompliseringskunsten viste meg at det er mogleg å skriva sjølv om eg har ramla altfor langt inn i tankerekkene. Det andre steget viste meg at kompliseringskunsten mister litt av sjarmen når eg har prøvt korleis det kan vera å gjera det enkelt. Dei månadane som har gått sidan sist har eg brukt til å øva på det enkle, på å koma meg ut av overanalyseringa ved å sjå etter det som er viktig, ved å minna meg på at alt er øving, at det er umogleg å planleggja det perfekte, at det er betre å gjera noko som vert feil, og som eg kan læra av, enn ikkje å gjera noko som helst.
Eg er framleis ein kompliseringskunstnar, men omskuleringa eller avvenninga byrjar gje resultat. I november i fjor leverte eg mastergradsoppgåva, i desember hadde eg eksamen, og nå har eg mastergrad i allmenn litteraturvitskap. Det er så rart, og fint, at eg vert svimmel av å tenkja på det. Sjølve oppgåva er eg ikkje nøgd med, men eg er nøgd med at eg leverte, med at den muntlege eksamenen var ei særs hyggjeleg oppleving, med at eg har ei mastergrad. Det er godt nok.
Øvinga på kortare avstand mellom idé og gjennomføring held fram. Nokre gonger er det merkbart enklare enn for eitt år sidan, andre gonger er det så komplisert og gale at eg ikkje kan anna enn å le av det. Det er kortare avstand mellom det enkle, og det lattervekkande kompliserte er ikkje like langvarig som før. Nå som eg veit at det enkle er mogleg har eg ikkje like stort tolmod med det ukontrollert kompliserte, og eg har funne nokre små og store triks som får meg ut av knutane. Gode venner minner meg på desse triksa når eg heilt tydeleg har gløymt at dei finst.