I 151 dagar har eg øvt på å gjera det enkelt, på å møta opp uansett dagsform og humør, å møta opp med nyfikne og tolmod. Det har gjort godt.
Tidlegare har eg eksperimentert med å ha eit kreativt prosjekt kvar dag i hundre dagar. I 2018 klarte eg hundre dagar med noko sying kvar dag, i 2019 klarte eg 65 dagar med sying. Første året skulle det vera minst fem sting kvar dag, for hand eller på symaskin. Det andre året var det minst sju, og med regel om at det skulle helst vera noko skikkeleg, at det ikkje berre var sting for å få kryssa av på skjemaet. Begge åra trur eg tanken var at eg skulle sy klede, og sy ferdig gamle prosjekt. Det gjekk ikkje heilt etter planen.
I år har eg gjort det enklare. Eg skal sy minst eitt sting kvar dag, heile året. Det skal ikkje verta noko nyttig, det treng ikkje vera fint. 1. januar klipte eg til 12 stoffstykke, slik at kvar månad vert ein ny start. Viss eg vert misnøgd får eg starta på nytt neste månad, viss eg liker det kan eg vidareutvikla det på neste stoffstykke. Broderiet er ferdig når månaden er slutt. Utover dette er det ikkje noko som er planlagt, kvart broderi er ei drodle, ei utforsking av kva som er mogleg etter dette stinget.
– Nei, det er ikkje heilt riktig, det er noko som er planlagt: Når året er over, skal eg setja dei tolv broderia saman til ei slags bok.
Saman med dette har eg ei ekstra fin skrivebok, der eg skriv minst eitt ord kvar dag. Som oftast vert det ein setning, nokre gonger eit par sider. Det skal ikkje vera dagbok, elles er det fri flyt. Planen er å samla ord, setningar, noko som kan verta tekstar. Ingen krav til kor fint og flott det skal vera, einaste kravet er at det finst, at eg skriv kvar dag. Og nå, på dag 151, er skrivegleda så sterk at det vert synleg tekst av det, fordi det til slutt ikkje er mogleg å la vera.
Eg har lengta etter dette, å ha ein kreativ vane som gjev rytme til dagane. Det gjer meg så glad, og stolt, at eg har fått det til. Ja, eg kan vel seia det nå, etter snart fem månader, at dette er ein vane, noko like sjølvsagt som å pussa tennene, og like viktig som å eta. Eg gjer det for meg sjølv, for gleda over å gjera det, for fridomen eg finn i å gjera noko der prosessen er vel så viktig som det ferdige produktet. Berre gjera det, kvila i det, laga eit pusterom i dagane.
Eg har klart forenkla ideen såpass at det er mogleg å gjera det nesten uansett, og eg har lært mykje. Dei dagane alt kjennest ut som det er umogleg, gjer det godt å sjå på ei samling broderidrodler og ei skrivebok og vita at eg har i det minste klart dette. Då er det sikkert meir eg har klart, som eg akkurat den dagen ikkje ser.
To gonger har eg fått øva på at det ikkje må vera alt eller ingenting. Den 98. dagen gløymte eg skrivinga, det var mykje som skjedde og eg vart distrahert på veg til å finna skrivesakene. Det hjalp heller ikkje at boka havna nedst i ein stabel, i noko rydding. Eg hugsa det då eg vakna tidleg dagen etter, og kom fram til at det gjekk fint, det var ikkje juks, på dagar som er så kaotiske at eg gløymer eta må det vera lov å gløyma skriva, utan at prosjektet ramlar saman. Den andre gongen var det noko liknande, eg tok tak i boka for å skriva og så vart eg distrahert av noko anna eg måtte hugsa. Heilskapen av prosjektet er viktigare enn dagane der alt er kaos, og så lenge eg hugsar broderiet, er det i orden.
Nå har eg ei god samling setningar eg kan skriva vidare på. Eg har snart fem ferdige broderidrodler, dei gjev idear til fleire prosjekt. Nesten uansett kva anna som skjer, har eg den daglege avtalen med ein penn og ei nål, som ei påminning om at eg kan laga fine dagar, at mykje kan skje med nokre små sting kvar dag.
(Det er 818 dagar sidan sist eg skreiv noko her. Eg er ganske sikker på at det ikkje kjem til å verta like lenge til neste gong.)
Godt å lese ordene du har fått satt ned og stokket sammen :-)
Takk! Kjekt at du vil lesa.