151 dagar

I 151 dagar har eg øvt på å gjera det enkelt, på å møta opp uansett dagsform og humør, å møta opp med nyfikne og tolmod. Det har gjort godt.

Tidlegare har eg eksperimentert med å ha eit kreativt prosjekt kvar dag i hundre dagar. I 2018 klarte eg hundre dagar med noko sying kvar dag, i 2019 klarte eg 65 dagar med sying. Første året skulle det vera minst fem sting kvar dag, for hand eller på symaskin. Det andre året var det minst sju, og med regel om at det skulle helst vera noko skikkeleg, at det ikkje berre var sting for å få kryssa av på skjemaet. Begge åra trur eg tanken var at eg skulle sy klede, og sy ferdig gamle prosjekt. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

I år har eg gjort det enklare. Eg skal sy minst eitt sting kvar dag, heile året. Det skal ikkje verta noko nyttig, det treng ikkje vera fint. 1. januar klipte eg til 12 stoffstykke, slik at kvar månad vert ein ny start. Viss eg vert misnøgd får eg starta på nytt neste månad, viss eg liker det kan eg vidareutvikla det på neste stoffstykke. Broderiet er ferdig når månaden er slutt. Utover dette er det ikkje noko som er planlagt, kvart broderi er ei drodle, ei utforsking av kva som er mogleg etter dette stinget.
– Nei, det er ikkje heilt riktig, det er noko som er planlagt: Når året er over, skal eg setja dei tolv broderia saman til ei slags bok.

Saman med dette har eg ei ekstra fin skrivebok, der eg skriv minst eitt ord kvar dag. Som oftast vert det ein setning, nokre gonger eit par sider. Det skal ikkje vera dagbok, elles er det fri flyt. Planen er å samla ord, setningar, noko som kan verta tekstar. Ingen krav til kor fint og flott det skal vera, einaste kravet er at det finst, at eg skriv kvar dag. Og nå, på dag 151, er skrivegleda så sterk at det vert synleg tekst av det, fordi det til slutt ikkje er mogleg å la vera.

Eg har lengta etter dette, å ha ein kreativ vane som gjev rytme til dagane. Det gjer meg så glad, og stolt, at eg har fått det til. Ja, eg kan vel seia det nå, etter snart fem månader, at dette er ein vane, noko like sjølvsagt som å pussa tennene, og like viktig som å eta. Eg gjer det for meg sjølv, for gleda over å gjera det, for fridomen eg finn i å gjera noko der prosessen er vel så viktig som det ferdige produktet. Berre gjera det, kvila i det, laga eit pusterom i dagane.

Eg har klart forenkla ideen såpass at det er mogleg å gjera det nesten uansett, og eg har lært mykje. Dei dagane alt kjennest ut som det er umogleg, gjer det godt å sjå på ei samling broderidrodler og ei skrivebok og vita at eg har i det minste klart dette. Då er det sikkert meir eg har klart, som eg akkurat den dagen ikkje ser.

To gonger har eg fått øva på at det ikkje må vera alt eller ingenting. Den 98. dagen gløymte eg skrivinga, det var mykje som skjedde og eg vart distrahert på veg til å finna skrivesakene. Det hjalp heller ikkje at boka havna nedst i ein stabel, i noko rydding. Eg hugsa det då eg vakna tidleg dagen etter, og kom fram til at det gjekk fint, det var ikkje juks, på dagar som er så kaotiske at eg gløymer eta må det vera lov å gløyma skriva, utan at prosjektet ramlar saman. Den andre gongen var det noko liknande, eg tok tak i boka for å skriva og så vart eg distrahert av noko anna eg måtte hugsa. Heilskapen av prosjektet er viktigare enn dagane der alt er kaos, og så lenge eg hugsar broderiet, er det i orden.

Nå har eg ei god samling setningar eg kan skriva vidare på. Eg har snart fem ferdige broderidrodler, dei gjev idear til fleire prosjekt. Nesten uansett kva anna som skjer, har eg den daglege avtalen med ein penn og ei nål, som ei påminning om at eg kan laga fine dagar, at mykje kan skje med nokre små sting kvar dag.

 

(Det er 818 dagar sidan sist eg skreiv noko her. Eg er ganske sikker på at det ikkje kjem til å verta like lenge til neste gong.)

 

Reklame

Evig øving

Åtte månader og ein dag seinare.

Det var slett ikkje planen at det skulle ta så lang tid, før eg skreiv eit nytt blogginnlegg. Eitt steg fram, eitt steg tilbake – men ikkje «tilbakesteg», det andre steget tek ikkje vekk det første steget, det er heilt enkelt to steg, med like mykje øving og læring i det andre steget som i det første.

Etter det første innlegget kom jubel og glede over at eg endeleg skreiv. Etter nokre dagar med jubel kom «hjelp, kva gjer eg nå?» «kva skal neste tekst handla om?» og andre urolege tankar. Kompliseringskunsten stod like stødig. Fleire dagar kom, med nøling som vart verre for kvar veke som gjekk utan ny tekst. Eg ramla inn i overanalysering og blablabla.

Det første steget ut av kompliseringskunsten viste meg at det er mogleg å skriva sjølv om eg har ramla altfor langt inn i tankerekkene. Det andre steget viste meg at kompliseringskunsten mister litt av sjarmen når eg har prøvt korleis det kan vera å gjera det enkelt. Dei månadane som har gått sidan sist har eg brukt til å øva på det enkle, på å koma meg ut av overanalyseringa ved å sjå etter det som er viktig, ved å minna meg på at alt er øving, at det er umogleg å planleggja det perfekte, at det er betre å gjera noko som vert feil, og som eg kan læra av, enn ikkje å gjera noko som helst.

Eg er framleis ein kompliseringskunstnar, men omskuleringa eller avvenninga byrjar gje resultat. I november i fjor leverte eg mastergradsoppgåva, i desember hadde eg eksamen, og nå har eg mastergrad i allmenn litteraturvitskap. Det er så rart, og fint, at eg vert svimmel av å tenkja på det. Sjølve oppgåva er eg ikkje nøgd med, men eg er nøgd med at eg leverte, med at den muntlege eksamenen var ei særs hyggjeleg oppleving, med at eg har ei mastergrad. Det er godt nok.

Øvinga på kortare avstand mellom idé og gjennomføring held fram. Nokre gonger er det merkbart enklare enn for eitt år sidan, andre gonger er det så komplisert og gale at eg ikkje kan anna enn å le av det. Det er kortare avstand mellom det enkle, og det lattervekkande kompliserte er ikkje like langvarig som før. Nå som eg veit at det enkle er mogleg har eg ikkje like stort tolmod med det ukontrollert kompliserte, og eg har funne nokre små og store triks som får meg ut av knutane. Gode venner minner meg på desse triksa når eg heilt tydeleg har gløymt at dei finst.

Kunsten å gjera det vanskeleg for seg sjølv

– Forsøk nummer nihundreog- – –

I fjor gøymte eg alle publiserte innlegg her, med planar om å gjera nokre endringar og starta på nytt. Eit halvt år seinare har det tilsynelatande ikkje skjedd noko som helst. Eg skriv «tilsynelatande», fordi det har jo skjedd ting, kompliserte ting, som diverre er usynlege. Det eg snakkar om er slikt som nøling, grubling, analysering, overgrubling, overanalysering, overkomplisering, og til slutt handlingslamming. I januar kom eg på at denne kompliseringa kunne vera noko å skriva om, men klarte ikkje skriva meir enn overskrifta. Nå er det juli, eg er rastlaus med eit snev av desperat, og har valet mellom å publisera tekst i dag, eller ergra meg gjennom natta over at eg heller ikkje i dag var sterkare enn kompliseringskaoset.

Frå du står opp om morgonen, til du legg deg om kvelden, tek du hundrevis av små og store avgjersler. Dei fleste av desse går på gammal vane og utan vidare vurdering av alle andre moglege løysingar. På mine mest kompliserte dagar er eg akutt merksam på alle desse vala, stundom utan evne til å hugsa tydeleg kva som har vore fungerande val dagen før. Andre dagar kan eg hugsa kva som har fungert tidlegare, men tvilt på om det er rett for akkurat denne dagen. Slik vert dagane til knutar, og sjølv om det til tider kan vera meir enn nok å le av i desse knutane, så vert dei keisame i lengda.

Det siste halvanna året har eg prøvd læra meg noko nytt: Å gjera det enkelt, å få gjort det eg vil utan å analysera alle tenkjelege og utenkjelege deler av prosjektet. Øva på kortare avstand mellom idé og gjennomføring, øva på at eg kan starta på nytt når det går skeis, øva på at det ikkje treng vera så komplisert og stort, alltid. Øva på alt det fine som ligg mellom ”Alt” og ”Ingenting”. Hugsa at godt nok er godt nok, uansett kva den indre kritikaren finn på å klaga over.

Eitt av prosjekta som eg har overkomplisert, er det å skriva blogg. Eg veit eg vil skriva, å vita dét er enkelt, det vanskelege er å vita korleis eg skal navigera i landskapet av uro, tvil og nøling som ligg mellom meg og ein ferdig tekst, utan å snubla i slikt som «ser dette toskje ut?», «må eg ha fjonge fotografi til kvar tekst?», «kva gjer eg viss – – -», «er dette rett skrivemåte?», og så bortetter. Akk! Det er så keisamt.

Det er så mykje ein kan gjera vanskeleg, så mykje ein kan tvila og nøla på, men det får ikkje ting gjort, og ein lærer ikkje noko nytt. Ein måte å nøsta meg ut av knutane, er å skriva. (Dette fungerer heilt fint så lenge eg ikkje har altomfattande skrivesperre, der sjølv ei handleliste vert vrient.) Skriving gjer dagane tydelegare, viser meg at både dagane og eg finst, me er her, og me kan putta tankar inn i ord, ord inn i setningar, setningar inn i ein tekst, og så finst det ein tekst saman med alt det andre.

*

Hei, mitt namn er Guro, eg er ein kunstnar, ein kompliseringskunstnar, og eg er på omskulering (eller avvenning). Viss eg har det i meg å kunna gjera det vanskeleg, har eg også evna til det motsette, å gjera det enkelt. Denne teksten er eit steg på vegen ut av ukontrollert kompliseringskunst, og inn i god kaoskunst med det eg liker best: Te, tekst og tekstil. Ingen bør halda pusten medan dei venter på neste steg.